KAMPEN OM FJELLET

Programvert Per J. Jordal inviterer Botheim, Reidar Borgstrøm og anna fjellfolk rundt leirbålet til peikeleik om Hardangervidda - kven skal ut?!

page view image
Event date

Sunday 5 Oct 2025 17:00

Ends Sunday 5 Oct 2025 17:45
order

If you have a promo code apply here

Available items

Ordinær
Student
Plassreservasjon (for deg med dagpass eller festivalpass)
Ledsagarbillett
For ledsagarar for personar med nedsett funksjonsevne. Ledsagarpass må framvisast.
event image

Event information

I Friluftslivets år står mange kampar om fjellet og forvaltinga av nasjonalparkane. Årets mest eksplosive debatt lokalt og regionalt er den om ny tiltaksplan for Hardangervidda villreinområde, som er ute på høyring no.

Nokre naturområde er det sett ring rundt. Verna, og opphøgde til status som nasjonalpark. 48 store og små landområde vi som befolkning har bestemt at skal halde fram med å vere urørte. Norge har óg tatt på seg eit internasjonalt ansvar for villrein.

Likevel presser vi på frå alle kantar: Turistar får tre-rettars middag på turisthytter, lokale heltar flyr helikopter til hyttene, forvaltninga køyrer scooter på kryss og tvers til alle tider og det er planar om gondolbanar og hyttelandsbyar i randsonene, medan villreinen vert pressa frå alle kantar. Vi står no overfor store utfordringar, der privilegium vi har blitt vane med kanskje må takast vekk, dersom vi meiner alvor med forvaltningsansvaret vårt.


Romanen Høgfjellsmeldinga av Guri Sørumgård Botheim skriv seg rett inn i denne debatten.

Hovudpersonen i romanen starter i jobb som kommunikasjonsansvarleg ved Norsk villreinsenter, og får i oppgåve å skrive ein NOU-rapport om villreinen og om fjellet si etiske stemme. Kollegaene meiner rapporten er nok eit papir for skrivebordsskuffa, men Ragna ser for seg eit modig dokument med politisk sprengkraft. Kven er fjellet sine heltar og skurkar? spør ho og lanserer eit upopulært svar. Arbeidet hennar utløyser sterke reaksjonar. Kor deilig er det ikkje når livet og litteraturen overlappar kvarandre perfekt slik som dette?


Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2025, med tema EKSPLOSJON.

Heile programmet finn du på littsymp.no.


Det er mykje kjekt som skjer, hugs at du òg kan kjøpa FESTIVALPASS  eller DAGSPASS

Waiver

Kjøpte billletar vert ikkje refundert.

Organizer
Litteratursymposiet i Odda