BIKUBESALONG 2025

page view image
Event date

Saturday 4 Oct 2025 13:00

Ends Saturday 4 Oct 2025 14:15
order

If you have a promo code apply here

Available items

Student
Studentbevis må vises i døra.
Plassreservasjon (med pass)
event image

Event information

Tre forfattarar inviterer til intime opplesingar i stovene til folk i den sagnomsuste Murboligen; bygarden som inspirerte Frode Grytten til å skrive den moderne klassikaren Bikubesong.


Årets vertskap er Brit Bildøen, Nina Lykke og Leander Djønne, og dei les frå dei nye bøkene sine Moderat sikt, Hvor er de voksne? og Alt et. Nært, unikt og sjukt heimekoseleg!


Arkitekt Egill Reimers si bustadblokk Murboligen i Odda vart bygd i 1915 og hadde 44 leilegheiter. Bustadblokka skulle ta unna for bustadnauda, som veks i takt med industrireisinga i Odda. Trenden i byane var å byggje storgardskvartal, som gav romslege felles gardsrom og klassisk utforma byparti. I byane bygde dei vidare bortover gata i same stil, men i Odda kom ein aldri lenger enn til dette eine bygget. Dette er vårt storgardskvartal. I Bikubesong fylte Frode Grytten Murboligen med alle slags magiske skapningar, og bikuben har levd vidare. Det blei tidenes suksess på Det Norske teater, det blei Litteratursymposium i Odda, det blei eit begrep i seg sjølv. På denne lesinga, opnar tre bebuarar sjenerøst dørene og slepp oss inn i stovene sine.


Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2025, med tema EKSPLOSJON.

Heile programmet finn du på littsymp.no.

Det er mykje kjekt som skjer, hugs at du òg kan kjøpa FESTIVALPASS  eller DAGSPASS 


Organizer
Litteratursymposiet i Odda