SLEKTERS SKAKKE GANG
Er det mogleg å byggje eit godt liv på ein øydelagd barndom? Og kvifor er det som om vondskap og ulykke grip fast i slektsledda og ikkje vil gje slepp? Smirnoff og Djønne har begge skrive om menneske i familiar der det vonde og ròtne forplantar seg utover i greinene til familietreet. Det vonde går frå vondt til verre, og forfattarane skildrar kampen for å vikle seg laus frå ein mørk lagnad. Leander Djønne og Karin Smirnoff møtest til samtale om kvarandre sine bøker, under leiing av Margunn Vikingstad.
Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2026, med tema VRANG.
Heile programmet finn du på littsymp.no.
Det er mykje kjekt som skjer, hugs at du òg kan kjøpa FESTIVALPASS eller DAGSPASS
Waiver
Kjøpte billettar vert ikkje refundert, med mindre vi avlyser.