page view image

SIGD

Information
event image

Scenisk lesing av Ruth Lillegravens diktsamling Sigd, med skodespelarane Morten Svartveit og Kjærsti Odden Skjeldal, tonesett av Sjur Miljeteig. Boka handlar om odelsguten Endre som veks opp på ein gard på Vestlandet ein gong på 1800-talet. Snart skal han ta over, nett som far hans ein gong gjorde, og far hans igjen, og så bakover i generasjonar. Men noko er gale. Det er noko som har teke bustad i Endre sin kropp. Noko som gneg på ledda hans, og som legg seg oppå han med full tyngde og hindrar han i å arbeide. Ikkje greier han å føre slekta vidare heller. Kona Abelone blir stadig gravid, men noko barn kjem aldri til verda. Til slutt må Endre innsjå at livet ikkje vart slik det skulle bli. Så kven er han no?


Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2026, med tema VRANG.

Heile programmet finn du på littsymp.no.


Det er mykje kjekt som skjer, hugs at du òg Litteratursymposiet kan kjøpe FESTIVALPASS  eller DAGSPASS

littsymp oddaoddaodda

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refundert, med mindre vi avlyser.