page view image

BIKUBESALONG 2026

Tre forfattarar inviterer til intime opplesingar i stovene til folk i den sagnomsuste Murboligen; bygarden som inspirerte Frode Grytten til å skrive den moderne klassikaren Bikubesong.

Information

Årets vertskap er Marit Eikemo, Simon Stranger og Bjørn Olaf Johannessen, og dei les frå dei nye bøkene sine Husdraumar, Du må velge og Balladen om Trotskij på Sørlandet. Nært og fint, og sjukt heimekoseleg!


Husdraumar

Ifølgje ei fersk undersøking frå 2026 står 200.000 bustader tomme her i landet, mange i grisgrendte strok. Fotograf Marita Aarekol har reist Vestlandet på kryss og tvers og fotografert desse husa. Forfattar Marit Eikemo fortel historier om husa og dei som ein gong budde der. Bakgrunnen for at lysa er sløkte og folk har reist er mellom anna arveoppgjer, økonomiske konfliktar, sjukdom, død, klimaendringar og personlege tragediar. Mange av husa ber på mørke forteljingar.


Du må velge

Kvar einaste dag tek vi tallause små og store val. Dei fleste av dei er enkle og kvardagslege, medan andre kan få store og uventa konsekvensar. Du må velge er ei bok som dreg lesaren inn i historier frå heile verda, spreidd over tusenvis av år, der ein sjølv må velje handlinga. Kvart val fører til nye val, i ei forgreining av små og store hendingar som viser seg å henge saman: Du kan til dømes vera ein ubåtkaptein under Den kalde krigen eller den kvinnelege omsetjaren for spanjolane i Mexico på 1500-talet, som bidreg til å velta aztekarriket. Du kan vera dyrepassar i Libya eller svindlar i Vietnam, ein senegalesisk musikar eller ein ung norsk mann i ferd med å gjera noko han vil angra på resten av sitt liv. Kva vel du?


Balladen om Trotskij på Sørlandet

Sommaren 1936 er det ein uvanleg gjest på den vesle hytta på Stangnesholmen utanfor Kristiansand. Leo Trotskij, den russiske revolusjonshelten, har fått opphald i Noreg. Han er på flukt frå Stalin, som ønskjer å skriva han ut av historia. Vedtaket om opphald er kontroversielt, og gitt under føresetnad om at han ikkje skal driva politisk arbeid.


Med seg på hytta har han kona Natalia, som ser tilbake på eit langt liv i tenesta til revolusjonen. Kva er eit menneske i kjølvatnet av store sigrar og lagnadstunge svik? Kven er Leo Trotskij i Noreg? Den farlegaste mannen i verda, eller berre ein gammal gubbe viss tid er forbi? Kven er det som eigentleg har svike revolusjonen?


Det er OL i Berlin på radioen. Noreg speler mot Tyskland. Verda står i brann, men i fjorden er det fisk å få.


Balladen om Trotskij på Sørlandet, og det store sviket mot revolusjonen er ein roman om å vera i skuggen i historia. Om å stå ved grensa frå å vera nokon til å vera ingen.



Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2025, med tema EKSPLOSJON.

Heile programmet finn du på littsymp.no.

Det er mykje kjekt som skjer, hugs at du òg kan kjøpa FESTIVALPASS  eller DAGSPASS 


Restrictions

Kjøpte billettar vert ikkje refundert, med mindre vi avlyser.