SØK ETTER ARRANGEMENTER
Velkomen til Litteratursymposiet i Odda 2026 med tema VRANG!
Husfilosof Øyvind Kvalnes med filosofisk vranglære.
Bjørn Olaf Johannessen og Dag Johan Haugerud møter Asbjørn Slettemark.
Pedro Carmona-Alvarez og Endre Ruset om dei store bøkene, dei lange forteljingane og alt det som oppstår undervegs.
Kva skjer når ein forfattar set ei fast ramme rundt verda – og så byrjar å tøye, vri og forskyve henne?
Ein smakebit frå Halvor Folgerø si komande bok Trolltunga: Eit vilt stykke Norgeshistorie. Boka fortel den elleville historia om korleis Trolltunga-turismen eksploderte på få år, om kva problem det skapte, og om kva ein har lært. Ei historie om flaks, tilfeldigheiter, smart marknadsføring og sosiale medium. Om masseturisme, leiteaksjonar, villcamping, køar og trafikkaos, og om eit lokalsamfunn som evna å snu seg rundt.
Dj Oksen og Completely Corporate tek over Sentralbadet.
Tre forfattarar inviterer til intime opplesingar i stovene til folk i den sagnomsuste Murboligen; bygarden som inspirerte Frode Grytten til å skrive den moderne klassikaren Bikubesong.
